Kveen AS vart etablert i 1980 og driftar sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Selskapet har 30 tilsette og ei forventa omsetjing på ca. NOK 100 mill. Kveen Anlegg utfører små og store oppdrag, alt frå tomtegraving og muringsarbeider, til større kommunale og statlege vegbyggingsprosjekt.
På grunn av auka arbeidsmengde ser vi etter ny medarbeidar til vår anleggsavdeling.
Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, påliteleg og har god stå-på-vilje. Vi treng:
Anleggsrørleggar VA / Hjelpearbeidar anlegg og kommunalteknikk
Du vil jobbe tett med vår anleggsrørleggar, maskinførar og lastebilsjåførar, så gode samarbeidsevner og kommunikasjon er derfor viktig. Arbeidsområdet er primært Nordfjord.
Kompetanse:- ADK sertifikat er ønskeleg, om du ikkje har det kan vi tilby kurs
- Erfaring frå anlegg eller anna praktisk arbeid er ein fordel
- Oppfordrer kandidater med relevant erfaring eller lærlingar til å søke på stillinga
- Planlegging og gjennomføring av rørinstallasjon
- Legging av vatn og avløpsrør
- Kopling av kummer
- Grunnarbeid
- Rørinspeksjon/filming
- Utfylling av sjekklister i forbindelse med KS-dokumentasjon
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver, konkurransedyktige betingelsar, AFP ordning, gode pensjonsordningar og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Er du interessert så ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller Lars Helge Kveen tlf 909 37 038. Søknad med CV sendast til Kari innan 31. desember på e-post: kari@kveen.as.
Vi er stadig på jakt etter folk. Vi har kontuerleg behov for:
- Maskinførarar.
- Mekanikarar med erfaring.
Interessert?
Ta kontakt med dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo på 57 87 20 00.
Kveen AS vart etablert i 1980 og driftar sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Selskapet har 30 tilsette og ei forventa omsetjing på ca. NOK 100 mill. Kveen Anlegg utfører små og store oppdrag, alt frå tomtegraving og muringsarbeider, til større kommunale og statlege vegbyggingsprosjekt.
Vi søkjer etter
Prosjektleiar og anleggsleiar innan veg, vatn og avløp
Kveen Anlegg ønskjer å tilsette prosjektleiar og anleggsleiar for arbeid på våre anlegg i Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nord-Gudbrandsdalen. Vi søker deg med ein tydeleg vilje og evne til å lede prosjekt frå start til mål, samtidig som du trivast med å motivere og lede menneske. Din evne til å planlegge, kombinert med ein solid kontroll over økonomi og kontraktar, gjer deg til ein systematisk og målretta profesjonell som jobbar for å oppnå gode resultat. Du har relevant høgare utdanning og erfaring som prosjektleiar eller anleggsleiar, gjerne innan anleggsbransjen.
Arbeidsoppgåvene består blant anna av- Prosjektstyring
- Sikring av utførelsen i samsvar med kontrakt
- Oppfølging av tilsette med fokus på utvikling og trivsel i ditt team
- Bidra til å sikre lønnsemd og vekst gjennom optimal ressursutnytting
- Ansvarleg for budsjettering og økonomistyring i prosjekta
- Rapportere prosjektøkonomi
- Handtere kontrahering av underentreprenørar
- Ivareta kundekontakt
- Handtere byggherrerelasjonar
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver, konkurransedyktige betingelsar, AFP ordning, gode pensjonsordningar og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Du vil ha friheit til å skape din eigen arbeidskvardag, vi verdset dine tankar og idear om korleis vi kan vidareutvikle selskapet, og oppmuntrar til gjensidig positiv påverking.
Er du interessert så ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller send oss søknad snartest på e-post: kari@kveen.as
Innkomne søknader vil bli behandla fortløpande.
Søknadsfrist 15.01.24