2024-04-15

Ledig stilling - Prosjektkoordinator

Ledig stilling - Prosjektkoordinator


Kveen AS vart etablert i 1980 og driftar sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Selskapet har ca 30 tilsette og ei forventa omsetjing på ca. NOK 110 mill. Kveen Anlegg utfører små og store oppdrag, alt frå tomtegraving og muringsarbeider, til større kommunale og statlege vegbyggingsprosjekt.

Kveen AS er inne i ei positiv utvikling og vi har behov for å auke vår kapasitet i administrasjonen. Vi søkjer derfor etter

Prosjektkoordinator

Kveen Anlegg søkjer etter deg som har lyst til å jobbe som prosjektkoordinator og som vil vere ein del av vår administrasjon. Som prosjektkoordinator vil du ta del i driftsplanlegging og -gjennomføring, og ditt hovudansvar vil vere å støtte prosjektleiinga i dei økonomiske og administrative rutinane på prosjektet.

Du vil vere eit knutepunkt for dei involverte, og vere ein viktig kommunikasjon i vår kvardag for å sikre at oppgåver og mål fullførast innanfor tidsfristar. Du må vere strukturert og klare å jobbe med fleire prosjekt samtidig.

Arbeidsoppgåvene blant anna av:

  • Planlegge drift og utarbeide fakturagrunnlag
  • Støtte administrasjon med ulike administrative arbeidsoppgåver
  • Intern rapportering og kunderapportering i henhold til kontraktsforpliktelsar
  • Fakturaadministrasjon/fakturamottak
  • Varebestilling/Innkjøp
  • Sikring av utførelsen i samsvar med kontrakt
  • Bidra til å sikre lønnsemd og vekst gjennom optimal ressursutnytting

Vi ser etter deg som

  • Har relevant høgare utdanning innan administrasjon og prosjektleiing, entreprenørskap, økonomi/leiing, entreprenørskap eller forretningsutvikling
  • Relevant erfaring kan erstatte høgare utdanning
  • Erfaring frå anleggsbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Har gode datakunnskap
  • Har gode kommunikasjonsferdigheter

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver, konkurransedyktige betingelsar, AFP ordning, gode pensjonsordningar og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Du vil ha friheit til å skape din eigen arbeidskvardag, vi verdset dine tankar og idear om korleis vi kan vidareutvikle selskapet, og oppmuntrar til gjensidig positiv påverking.

Er du interessert så ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller send oss søknad snarast på e-post: kari@kveen.as. Innkomne søknadar vil bli behandla fortløpande.

Søknadsfrist: 05.05.2024