2024-04-19

Ledig stilling - Maskinførar

Ledig stilling - Maskinførar


Kveen AS vart etablert i 1980 og driftar sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Selskapet har ca 30 tilsette og ei forventa omsetjing på ca. NOK 110 mill. Kveen Anlegg utfører små og store oppdrag, alt frå tomtegraving og muringsarbeider, til større kommunale og statlege vegbyggingsprosjekt.

Vi søkjer etter

MASKINFØRAR

Kveen Anlegg ønskjer å tilsette gravemaskinførar for arbeid på våre anlegg i Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nord-Gudbrandsdalen. Vi søkjer etter deg som likar å jobbe sjølvstendig, men som også har evna til å jobbe godt i team. Du er god på å kommunisere med andre og kan utføre variert anleggsarbeid.

Ønskeleg kompetanse for maskinførar

  • Relevant erfaring innan veg/anleggsarbeid
  • Maskinførarbevis

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver, konkurransedyktige betingelsar, AFP ordning, gode pensjonsordningar og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Du vil ha friheit til å skape din eigen arbeidskvardag, vi verdset dine tankar og idear om korleis vi kan vidareutvikle selskapet, og oppmuntrar til gjensidig positiv påverking.

Er du interessert så ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller send oss søknad snartest på e-post: kari@kveen.as

Innkomne søknader vil bli behandla fortløpande.
Søknadsfrist 06.05.24